3 dager og 3 «nye» arter på lista

Ca 16 timer på sjøen har det blitt no dei siste dagane, men eg kan nok rekne med timane eg sitter ved kjøkkenbordet og ser ut på sjøen også. For eg gynger både når eg går og sitter…. Er det da ein er komt i ett med fisken skal tru?

18. September satt eg i båten i 8 tima og prøvde forskjellige sluker og jigger. Så etter nokre timar tenkte eg (er ikkje av dei raskaste tenkerane) at eg måtte ha agn, altså måtte eg fiske etter ein sort fisk…makrell. Satte på ei hekle med rosa reker og ein torskepilk på bunnen. Og hei kor det beit, eg drog opp mengder med makrell, sei og lyr. Eg klarde dermed ikkje å gje meg på mengdene, og det blei ikkje noko bevisst artsfiske.

 

Ein som vart glad for fangsten var iallfall katten min McRell. Ein ganske spesiell katt, som har rolla som bygdeorginal i bygda. Han er det skjer for å seie det sånn.
Dag 2, altså 19 September, satt eg i 4 stive tima uten ett einaste napp. Prøvde det eg hadde av fiskeutstyr tilgjengelig, men den ville rett og slett ikkje bite. Men hadde koselig selskap av ein måse som fulgte med meg heile dagen.

20 September, har lest meg opp på app`ene eg har på mobilen. I følge den skulle det være gode forhold for fiskeri. Prøvde først med ei hekle (måtte ha agn igjen) med nokon blanke reker på og ein torskepilk i bunnen. Gikk ikkje lange stunda så beit det på ei lange, ei veldig lite for så vidt 0, 26 kg, den hadde bitt på den svære torskepilken. Skifta så over til ei hekle med 2 små rosa med fjøre på, og ein makk nederst, der beit det på ganske raskt ein Taggmakrell (Hestemakrell) på 0,48 kg. Og deretter ein knurr, men ein okay størrelse på. Deretter var det stopp, men var godt fornøgd med at eg kunne føre opp nye arter på stang lista mi.

Så får vi satse på at det napper neste gang eg er ut på også. Hadde jo tatt seg ut om eg no hadde tømt havet liksom 🙂

 

Begynnelsen på Artsfangsten er igang

Først av alt vil eg seie tusen takk til alle tilbakemeldingar eg har fått etter eg starta opp med bloggen. Ikkje minst har eg fått mykje tips til kva eg kan skrive om framover, og det gjer meg kjempe inspirasjon,  puff til å skrive og dele av mine opplevingar på bloggen. Så igjen TUSEN TUSEN takk til alle som følger meg og deler blogginnleggene 🙂

«Mange reiser å fisker hele livet sitt uten og vite at det ikke er fisken de er ute etter»
Henry D. Thoureau

                    IMG_7327IMG_0506

Eg prøver å sette min interesse for fisking litt i perspektiv med denne bloggen. Når eg har ein hobby som eg brenn for, har eg og lyst å reflektere over det behovet eg har for å forstå min eigen galskap. Eg blei eigentleg litt oppmerksom på det i vår, når eg enda opp med å ikkje kunne fiske i det heile tatt. Og når det som du har sett på som den ultimate hobby plutselig blir til noko du ikkje får lov og ikkje klare å drive med, er det som å svømme i ferskvann og klage over at du er tørst. Men i nød lærer naken dame å spinne… Siden eg ikkje hadde lov å løfte noko over tre kilo, måtte eg tenke ut noko strategisk. Sidan eg fiskar mykje i fjorden var det jo berre å flytte fisket frå saltvannet og over til ferskvannet, da skal det litt til før det slår ut på kroppens Richters skala.

Og sånn blei det med den saken, uten å bli høg på meg sjølv…. Drog opp den eine kreda (ørret) etter den andre (Kan jo variere litt i størrelse, men sånn flaks har eg ikkje opplevd endå). Var på tur til Sverige, pakka med fiskestanga og fisket abbor i Fryken… litt risky business siden Abboren kan bli 4 kg,

 

Om noen lurer så er eg nå på bedringens vei, og kan begynne å sikte meg inn på fisker med litt vekt igjen snart. I mellom tiden får eg teste ut alt fiskeutstyret eg investerte i, i sommer. Og legge ein plan på korleis eg skal fiske dei forskjellige artene. Og da kommer tv programmet på NRK tirsdagen (Hvorfor biter fisken) godt med.

Uansett, no har eg satt meg som mål å få flest mulig arta på stang. Då er det berre å finne ut kven som biter på kva, og sette igang.

Her er ei lita knippe med arta som eg har fått hittil

 

Fiske liksom…? Why!?

img_1747
Eg hadde vel ikkje den enklaste barndommen, og måtte bli fort «vaksen». Men eg hadde nokre viktige personer i livet mitt som såg meg, og lot meg være det barnet eg var og ikkje minst gjorde at ein sitter igjen i dag med minner som gjere at det som ikkje var greit i livet berre blir ein vag skygge og ein kan omringe seg sjølv med trua på at ein slettes ikkje hadde det so verst allikevel.

Fisking blei ein stor del av barndommen min. Vi reiste på fjellet, slo leir og fisket ørret. Alle var på lik linje, alle hadde samme kompetansen og alle hadde roen til livet. Det blei ikkje stilt krav og ein kunne slippe livet eit øyeblikk og berre være….IMG_1333
Eg gledde meg til kvar ein gång fisking blei aktiviteten for dagen, om det var med kompisen min på kaia for å ta den største torsken, morfaren min på eit nes for at vi skulle ha makrell til middag, eller om det blei av ein annan omsorgsperson for å fiske
opp det ein fekk på kroken. Det være seg torsk, makrell, lyr, sei eller berggylte akkurat det spilte ingen rolle. Fisk var fisk liksom, selvfølgelig er det nesten euforisk og kunne kjenne stanga bøye seg i rykk og napp og bremsa på snella berre gikk. Men ein kjeme ikkje unna å kjenne på følelsen bak det som skjer.

I dag er følelsen den samme, som eit ekko frå fortida. Snøret lenker meg tilbake til følelsen av å være eit barn igjen, av å kjenne mestringsfølelsen av å berre være. Livet skjer heile tida, og om ein kan finne den eine tingen som gjere til at du kjenne at du leve i  i nuet, der tid og sted blir uvesentlig. Så må ein gjere det so ofte ein får sjans til det, om det er fisking, være rundt dei som betyr mest for ein, gå på fjellet eller reise på meditasjonstur til Machu Picchu! Gjer det som får DEG til å føle deg som hovedpersonen i ditt eige liv.
Men når sant skal seiast er det ikkje å forakte når ein har ein super fiskedag og EG er den som drar inn flest fisk og ikkje minst den største! Ingenting i veien med å drømme stort, da får minner være minner og følelser være følelser!  IMG_1738
Som Olav H. Hauge ville ha sagt; Det er den draumen 🙂  

Fiskeartene som gjorde mest inntrykk

Det store var eigentleg når eg fekk ein laks på Granvin i 2016. Etter 5 timer med god tålmodighet beit den på ei møresild med reke som agn!

Var heldig som fekk være med på linefiske. Målet var nok for det andre mannskapet å få brosme, lange og kveite. Men eg mista nok litt fotfeste når denne kom til syne på overflata. Ei fantastisk flott skate. Ei sånn blir nok å satse på med stang neste gang.

Mitt første blogginnlegg 

 Endelig var eg igang. Har lenge hatt lyst å lage ein blogg om fisking. Er i overkant glad i det, og det hadde eg utrulig lyst å dele. 
Likar å teste ut nytt utstyr, og ikkje minst få «nye» artar på kroken. Sidan eg er ny i blogg verdenen…ha tålmodighet med meg, lærer raskt😁 

Håper på mange lesera, då blir eg nok like ivrig her som når eg fiskar💪🏻