3 dager og 3 «nye» arter på lista

Ca 16 timer på sjøen har det blitt no dei siste dagane, men eg kan nok rekne med timane eg sitter ved kjøkkenbordet og ser ut på sjøen også. For eg gynger både når eg går og sitter…. Er det da ein er komt i ett med fisken skal tru?

18. September satt eg i båten i 8 tima og prøvde forskjellige sluker og jigger. Så etter nokre timar tenkte eg (er ikkje av dei raskaste tenkerane) at eg måtte ha agn, altså måtte eg fiske etter ein sort fisk…makrell. Satte på ei hekle med rosa reker og ein torskepilk på bunnen. Og hei kor det beit, eg drog opp mengder med makrell, sei og lyr. Eg klarde dermed ikkje å gje meg på mengdene, og det blei ikkje noko bevisst artsfiske.

 

Ein som vart glad for fangsten var iallfall katten min McRell. Ein ganske spesiell katt, som har rolla som bygdeorginal i bygda. Han er det skjer for å seie det sånn.
Dag 2, altså 19 September, satt eg i 4 stive tima uten ett einaste napp. Prøvde det eg hadde av fiskeutstyr tilgjengelig, men den ville rett og slett ikkje bite. Men hadde koselig selskap av ein måse som fulgte med meg heile dagen.

20 September, har lest meg opp på app`ene eg har på mobilen. I følge den skulle det være gode forhold for fiskeri. Prøvde først med ei hekle (måtte ha agn igjen) med nokon blanke reker på og ein torskepilk i bunnen. Gikk ikkje lange stunda så beit det på ei lange, ei veldig lite for så vidt 0, 26 kg, den hadde bitt på den svære torskepilken. Skifta så over til ei hekle med 2 små rosa med fjøre på, og ein makk nederst, der beit det på ganske raskt ein Taggmakrell (Hestemakrell) på 0,48 kg. Og deretter ein knurr, men ein okay størrelse på. Deretter var det stopp, men var godt fornøgd med at eg kunne føre opp nye arter på stang lista mi.

Så får vi satse på at det napper neste gang eg er ut på også. Hadde jo tatt seg ut om eg no hadde tømt havet liksom 🙂

 

Begynnelsen på Artsfangsten er igang

Først av alt vil eg seie tusen takk til alle tilbakemeldingar eg har fått etter eg starta opp med bloggen. Ikkje minst har eg fått mykje tips til kva eg kan skrive om framover, og det gjer meg kjempe inspirasjon,  puff til å skrive og dele av mine opplevingar på bloggen. Så igjen TUSEN TUSEN takk til alle som følger meg og deler blogginnleggene 🙂

«Mange reiser å fisker hele livet sitt uten og vite at det ikke er fisken de er ute etter»
Henry D. Thoureau

                    IMG_7327IMG_0506

Eg prøver å sette min interesse for fisking litt i perspektiv med denne bloggen. Når eg har ein hobby som eg brenn for, har eg og lyst å reflektere over det behovet eg har for å forstå min eigen galskap. Eg blei eigentleg litt oppmerksom på det i vår, når eg enda opp med å ikkje kunne fiske i det heile tatt. Og når det som du har sett på som den ultimate hobby plutselig blir til noko du ikkje får lov og ikkje klare å drive med, er det som å svømme i ferskvann og klage over at du er tørst. Men i nød lærer naken dame å spinne… Siden eg ikkje hadde lov å løfte noko over tre kilo, måtte eg tenke ut noko strategisk. Sidan eg fiskar mykje i fjorden var det jo berre å flytte fisket frå saltvannet og over til ferskvannet, da skal det litt til før det slår ut på kroppens Richters skala.

Og sånn blei det med den saken, uten å bli høg på meg sjølv…. Drog opp den eine kreda (ørret) etter den andre (Kan jo variere litt i størrelse, men sånn flaks har eg ikkje opplevd endå). Var på tur til Sverige, pakka med fiskestanga og fisket abbor i Fryken… litt risky business siden Abboren kan bli 4 kg,

 

Om noen lurer så er eg nå på bedringens vei, og kan begynne å sikte meg inn på fisker med litt vekt igjen snart. I mellom tiden får eg teste ut alt fiskeutstyret eg investerte i, i sommer. Og legge ein plan på korleis eg skal fiske dei forskjellige artene. Og da kommer tv programmet på NRK tirsdagen (Hvorfor biter fisken) godt med.

Uansett, no har eg satt meg som mål å få flest mulig arta på stang. Då er det berre å finne ut kven som biter på kva, og sette igang.

Her er ei lita knippe med arta som eg har fått hittil