Når barnet ditt skal operere….

Tenkte å bruke tida her på Haukeland sjukehus på å oppdatere bloggen litt. (Med tillatelse frå sjølve pasienten.

No sitter vi som sagt på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Julie er nå på dag 2 etter å ha blitt operert for skoliose. Det vil si at ryggraden ser typ slik ut

Dette bildet er av ryggen til Julie ca 10 dager før operasjon, da var skeivheten over 50%. Så planen her var da og stabilisere og rette opp den øverste svingen, og så skulle de vurdere når de var under operasjon, om de måtte gjere det heilt ned.

Her var vi kvelden før operasjonen, og var med godt mot begge to. Julie var nyskuret og såg på dette med både skrekk, for kva utfallet ville bli. For under ein slik operasjon, er der fare for lammelser. Men ho såg og på det med eit litt meir positivt retta syn, at ho ville bli meir rak i ryggen og at ho ville slippe dei smertene ho til no har hatt med dette.

Kl 07.00.2020 vart ho lagt inn. Vi blei fulgt av ei trivelig sjukepleier til blokka der operasjonene foregår. Eg fekk på meg klesdekke og fekk følge Julie inn på operasjonsstua. Der var da allerede 4 stykker på plass. Julie fekk maska over ansiktet med beskjed om å puste og slappe av. Augene seig meir og meir saman og tilslutt sov ho tungt, og det var tid for meg å trekke meg ut. Det vart mange og lange timar å vente. Eg prøvde å fylle dei med ting heile vegen, så eg slapp å få bilde i hode av at ho låg på operasjonsbordet. Heldigvis hadde eg gode venna som slo på tråden og fortalte artige historier og tørre vitser. Hadde også fått beskjed med pasienten sjøl, om å følge opp snappen hennes.

Då blei det tørre snapper som dette

Ca 14.30 fekk eg beskjed om at operasjonen var over, og eg kunne helse på ho eit øyeblikk. Om det var gledesrus eller sjokk av å sjå barnet sitt kobla til eit hav av ledninger veit eg ikkje, men då gjekk eg rett i kjelleren eit øyeblikk… Heldigvis skulle eg rett ut igjen å vente ei stund før eg fekk sette meg inn til ho. Så da satt ein der med pipende maskiner, mange pleiere og andre som hadde våre gjennom operasjoner.

Som mamma og sitte på sidelinja i ein sånn situasjon, var helt grusom!! Trur aldri eg har følt meg så hjelpeløs og tafatt som dei her dagane vi til no har vert på Haukeland. Samme dag som ho var operert var ho oppe på sengekanten og satt, men måtte legge seg fort da både ho og mammaen holdt på å svime at (true story) Formen til Julie er veldig varierende, og dei prøva å finne utav den beste smertelindringen for ho. Formen steig selvfølgelig betraktelig ei stund, når ho fekk ta fram mobiltelefonen, som pleierne mente kunne bidra som den beste medisinen😄Men ho har klart å gått ei runde på rommet i dag 05.02.2020!! Dessverre nådde vi ikkje å få det på film. Men vi tenker at dette går bra, bare ho nytta tida med hjelp når ho er her.

Litt humor har eg fått dytta inn her og der, så i dag sa Julie at ho ikkje orka humoren min, for da måtte ho le og det klarte ho ikkje. Så eg måtte ut og vere morsom med tilfeldige mennesker i dag😎.

Ha ein trivelig kveld og spør om det eg noko de lure på

Klemz

Mamsen og lille lu❤️

En kommentar om “Når barnet ditt skal operere….

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s