Fishingqueen på veg tilbake

Hausten 2017 fekk vi nyheta om at vi skulle bli fleire i 2018.

Det skulle iallefall ikkje legge noko demper på fiskinga mi, tenkte eg.

Og fisketura blei det, den eine etter den andre….problemet var at eg overhode ikkje fekk fisk, ikkje so mykje som ein knurr beit på. Fortvilelsen auka etter kvart som månedene gjekk…Var eg gått frå å dere fishingqueen til fishingnarr??? Og med eit litt ustabilt humør grunna svangerskapet, gjorde ikkje det ting beire for dei rundt meg.

Som om ikkje problemet med at fisken ikkje beit var nok, fekk eg og litt problem med å komme meg oppi og ut av båten etter som tida gjekk, og vinterkle blei og ei utfordring.

Så då blei det og sitte i godstolen og vente på varmare tider. Samtidig som eg blei skeptisk til heile fiskinga. For det var som om heile fjorden var tom for fisk. Min konklusjon deretter var at enten kvilte der ein forbannelse over meg, eller so var fisken ut i havet og ventet på at eg skulle få ut mini og dermed klar til å fiske igjen i tipptopp form🤔

Så kom mai og varmt og fint veir….og kjente at innerst inne hadde eg ikkje heilt sluppet tanken om at eg kunne få fisk. Så eg tok med stol og fiskestang på kaia….sida det å komme seg opp i ein båt var uaktuelt.

DER beit den forsyne meg, 7 mnd etter forrige fisk på kroken! Det blei julaften, bursdag, sommerferie og fødsel-følelse på eingång – det kvilte med andre ord ingen forbannelse over meg🙏🏼

Og med den på kroken, kom det selvfølgelig fleire

Og med det kunne eg puste ut, og berre vente på at den nye fiskaren skulle melde sin ankomst.

Sjølv om han skal få fiskeinteressen inn med morsmelka, må eg nok og lære han til at for husfreden sin skyld bør han fiske uten krok på sluken…om han viser tendenser til å slå meg. Men tross alt fisk eller ikkje, slår nok mini sjølv den største fisken eg eventuelt nokon gång får på kroken

Fortsatt god sommar og skitt fiske

  • Fishingqueen

2 kommentarer om “Fishingqueen på veg tilbake

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s