Jakten på det aller beste

Eit år er over, vi er på start igjen. Og med starten på eit år kjem der og igjen noko av det aller aller beste eg veit. Torskerogna!! Endelig, etter mange måneder med venting e den begynt og komme for fullt.

Eg har på sett og vis vokse opp med denne delikatessen, men då ikkje av den typen ein drege i land sjølv, og koka. Nei den typen torskerogn eg har vakse opp med kom i raude hermetikkboks, med det klingande navnet «Norway Gold Cod Roe» frå Firda Canning. Og den her rogna er det slettes ikkje mange nordmenn som har fått gleden av å smake, for denne blei nok eksportert til andre land som (no tek eg meg litt frihet her) elska Firda Canning si torskerogn.

Eg hadde ein morfar som sto i dampen på Firda, som då var ein hermetikkfabrikk i Måløy. Eg hadde vel halve barndommen min inne på denne fabrikken. Trur samtlige i min familie har gått der og trakka og jobba, eg for min del var ein rein trakkar. Når eg gjekk på barneskulen, var det å gå konsekvent ned til morfar. Inn ei raude metalldør på ned sida, då kom eg inn i eit maskinrom. Vidare var det å åpne ei grå/grøn metalldør og då kom eg inn i produksjonshallen. Der sto dei på rad og rekke i blå kjeledresser med kvite hue, dei såg eigentleg ut som smurfa. Det var nesten sånn det føltes og…å komme til smurfeland. Når dei såg meg komme inn døra der var det vinking og smiling, og det virka som dei var reint overlykkelige over å sjå meg. På begynnelsen av vegen min mot målet mitt, sto der ein frå India, han var ganske liten av vekst, så han sto på tre paller for å nå opp til benken. Denne inderen hadde full kontroll på målet mitt og peika meg dermed i riktig retning (han fekk no ha den gleda, sjølv om eg visste nøyaktig kor eg skulle gå).

Inne i målrommet eit damprom, sto han. Ein tynn, passelig høg kar. Med mørkt hår i sleik bakover og kor han hadde dandert det litt på sida på toppen, sånn at berre eine Viken var synleg. Han her var min store helt, om det var for det at han hadde tilgang til det beste eg visste er slettes ikkje umulig. Han hadde ein blå dress også, men ingen kvit lue…kanskje sjefssmurfen ikkje trenge det?! Vel uansett, eg gjekk han i møte og då kom standar setninga hans og denne setninga var ikkje ei som blei sagt fort og uten all verdens undring i, nei denne var sagt på ein måte som kun han kunne seie den på «Ja….ka du lure på?». Og det merkeligste av alt, dette var eit spørsmål eg aldri svarte på, og heller ikkje trengte å svare på. So gjekk vi der og trakka, morfar drog ut kasser frå ovnene, og stimen sto rundt han så eg verken såg igjen han eller dei raude boksane. Men so steig dei ut av dampen, ein super helt smurf med ein raude boks med Norway gold cod roe! Eg var i himmelen! Eg tok boksen, sat meg ut i maskinrommet drog opp ein boksåpner og ei skei frå skulesekken og hadde meg eit måltid sjølv kongen berre kan drøyme om!

I dag hadde eg same målet, sjølv om denne har litt meir usikkert utfall. Men med 3 sett med trollgarn var det ikkje usannsynlig at det skulle bli torskerogn på meg. Vi drar det eine garnet, og berre ei kjedelig lange og ein krabbe fekk sjå dekket i båten. Garn nummer to skulle vise seg å være like skralt. Eg hadde kjent ei fæla rykking, men dette blei fort avfeid med at det var botnen eg kjende (eg er iallfall sikker på at det var rogntorsken som hang i, men på grunn av aggressiv draging slapp hon unna). Når vi kom til det siste garnet, hadde eg nesten gidd opp håpet om rogn…men plutselig, ned i sjøen i følge med garnet kom den eine etter den andre, det vil seie at vi fekk to mulige. Spenninga var å ta og føle på

Den eine torsken blei åpna og det viste seg å vere ein han-torsk, eg må seie eg sank litt sammen då. Torsk nr 2 blei åpna og la oss berre seie at ALT åpenbarte seg då. Fram frå sprekka viste det seg ei salige rogn og eg kunne feire med at målet igjen var nådd, sjølv om det ikkje var sjefs smurfen som hadde overlevert den, men eg kan garantere at han var med i tankane.

Godt nytt år og eit godt fiske år helsing Fishingqueen🤗

4 kommentarer om “Jakten på det aller beste

  1. Ei skikkelig koseleg historie. Sjølv om eg aldri har vore i Firda Canning sine lokaler såg eg føre meg Totlanden der han stod i skoddeeimen og drog ut brett med raude boksar av skoddeheimen. Virkelig triveleg kan han bestefar din! 🙂

    Likt av 1 person

  2. Takk for at du delte gode minner Liz….. artig å lese!! Og gratulerer med flott fangst…. Torskerogn e snaddermat uansett om det er på boks eller frå trollgarn…. 🙂

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s