Pur lykke

Å leve i nuet, er slettes ikkje det enklaste ein kan gjere. Inni mellom hentar både tid og kvardag ein inn. Toppen på lykke var iallfall no denne veka, når dagane var fyllt opp med berre fisking. Eg hadde for det første gått til innkjøp av eit dypvannssnøre til snella mi, så eg endelig kunne begynne å fiske på dypet. Rundt fjorden her ligger det på nesten 600 meter (iallfall ifølge appen min). Etter nokre gode timar/dagar landa eg tilslutt to nye artar på lista mi, ei Brosme på knapt eit kilo og ein Uer (Kom på veging etter eg hadde sluppet den ut igjen).

 

 

Eg var også så utrulig heldig at eg fekk være skipper når ein skule skulle ha fiskedag. Her blei det garndraging, barna var super ivrige etter kva som hadde svømt i løpet av natta. Her blei det både sild, makrell, torsk, krabbe, berggylte og ikkje minst ein kjempe stor breiflabb. Veldig kjekt og gjevande og sjå gleden som var ombord. Og forhåpentlegvis er fiskespiren tent hos dei.

 

 

Eg er ikkje noko Lars Monsen, eg likar rett og slett ikkje oppover bakka. Men når eg blir freista med stor fisk i eit vatten, må eg nok legge prinsippene mine igjen heime og begynne å gå… I går var dagen eg skulle til fjells. Dei som styrer veiret, har nok bomma litt på årstidene, så eg var kledd i ull frå innert til ytterst. Her var det berre å flekke av seg etter omtrent 10 minutter. Det var for meg å bestige den høgaste fjelltoppen i verden, men eg hadde heldigvis turselskap som pusha og motiverte det ho klarte. Naturen var jo upåklagelig, eit fargespel uten like. Såg ut som vi vandra rett inni eit maleri av Tidemand og Gude. Så at eg hørtes ut som eg gjekk med ei halve lunge vart fort overskygga av sjølvaste moder natur.

 

Over til sjølve fiskingen; Rykte var at det skulle være ganske så stor fisk her, men det hjelper ikkje kor stor den er om den ikkje biter. Men det gjorde den…iallfall med meg, eg fekk ein som var på størrelse med dei som eg har pleid å fått i andre vatten. Dermed var eg litt usikker på om dette var meir ei myte. Plutselig beit det på, kjendes ut som ein på vanleg størrelse, heilt til eg skulle ha den på land. Dette var nok av storesorten, dermed var eg overbevist og kan med dette garantere at der er stor fisk i Sætredalsvattne i Ålfoten/Sogn og fjordane.

Eg var godt fornøgde med fangste og kunne gå på lette føtter ned igjen frå fjellet. Med eksta last i sekken. Og eg kan seie med handa på hjertet at eg levde i nuet.

Skitt fiske, Liz 🙂

 

2 kommentarer om “Pur lykke

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s