3 dager og 3 «nye» arter på lista

Ca 16 timer på sjøen har det blitt no dei siste dagane, men eg kan nok rekne med timane eg sitter ved kjøkkenbordet og ser ut på sjøen også. For eg gynger både når eg går og sitter…. Er det da ein er komt i ett med fisken skal tru?

18. September satt eg i båten i 8 tima og prøvde forskjellige sluker og jigger. Så etter nokre timar tenkte eg (er ikkje av dei raskaste tenkerane) at eg måtte ha agn, altså måtte eg fiske etter ein sort fisk…makrell. Satte på ei hekle med rosa reker og ein torskepilk på bunnen. Og hei kor det beit, eg drog opp mengder med makrell, sei og lyr. Eg klarde dermed ikkje å gje meg på mengdene, og det blei ikkje noko bevisst artsfiske.

 

Ein som vart glad for fangsten var iallfall katten min McRell. Ein ganske spesiell katt, som har rolla som bygdeorginal i bygda. Han er det skjer for å seie det sånn.
Dag 2, altså 19 September, satt eg i 4 stive tima uten ett einaste napp. Prøvde det eg hadde av fiskeutstyr tilgjengelig, men den ville rett og slett ikkje bite. Men hadde koselig selskap av ein måse som fulgte med meg heile dagen.

20 September, har lest meg opp på app`ene eg har på mobilen. I følge den skulle det være gode forhold for fiskeri. Prøvde først med ei hekle (måtte ha agn igjen) med nokon blanke reker på og ein torskepilk i bunnen. Gikk ikkje lange stunda så beit det på ei lange, ei veldig lite for så vidt 0, 26 kg, den hadde bitt på den svære torskepilken. Skifta så over til ei hekle med 2 små rosa med fjøre på, og ein makk nederst, der beit det på ganske raskt ein Taggmakrell (Hestemakrell) på 0,48 kg. Og deretter ein knurr, men ein okay størrelse på. Deretter var det stopp, men var godt fornøgd med at eg kunne føre opp nye arter på stang lista mi.

Så får vi satse på at det napper neste gang eg er ut på også. Hadde jo tatt seg ut om eg no hadde tømt havet liksom 🙂

 

2 kommentarer om “3 dager og 3 «nye» arter på lista

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s